Tittel: Kaninbyen
Forlag: Det Norske SamlagetUtgjeven: 2004
Kaninbyen er ein realistisk roman skrive av forfattaren Arid Rein, som ble utgjeven i 2004. Arild Rein er ein norsk forfattar som skriv romanar med handlingar frå Stavangers underverda. ”Kaninbyen” er den siste boka i ”Stavangertrilogien” som består av Hundedagane, Grisekort og Kaninbyen. Bøkene er eit portrett av Stavanger og byen sin underside frå 1970-årene og fram til 2004. Boka er i underkant av 200 sider, og inneheld veldig mange banneord.
I boka møter me ein mann med namn Jonny Roxmann, som er busett i ein kolonihage i Stavanger. Jonny har mista jobben sin som politimann, og prøver derfor å tene litt pengar under Gladmatfestivalen ved å selje bakte poteter. Undervegs når han planleggjar dette, møter han ei thailandsk dame, Kim. Jonny blir tiltrekt av Kim, og dette er ikkje lett ettersom Kim har det vanskeleg heime.
I heile boka fortel personen om byen Stavanger. Dette synast eg er morosamt sidan me kjem frå denne byen, og eg føler meg litt heime når eg les boka. Dette er blant anna noko eg meiner gjer boka realistisk. Likevel synast ikkje eg at boka var kjekk. Etter mi meining er det ingen raud tråd gjennom boka, og handlinga var dårleg. Eg følar at i staden for å snakke om det boka handlar om, begynte han ofte å skrive om mykje anna som ikkje hadde noko å seie. Han beskriver alt og alle på ein negativ måte, og gir oss eit negativt innblikk på livet. Jonny er ein samfunnsoppteken person, og skriv heile tida om tankane sine. Alt dette gjer at eg synast at det er keisamt å lese boka, og heile tida gløymer å lese vidare. Den grove språkbruken er noko eg synast er litt unødvendig. All bruken av orda ”faen” og ”jævlig” gjer at det er ei vanskeleg bok å kome seg i gjennom. Eg synast det forstyrrar lesaren, og sjølv om det skal understreke noko viktig blir det for mykje.
Folk kan ha delte meiningar om boka, men eg synast ikkje at ho var særlig kjekk. All banninga gjer at eg vert sliten og ikkje orkar å lese meir. Dette er ei bok eg eigentlig ikkje vil tilråde nokon kjende av meg å lese.
Kjelder:
Bok:
- Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Det Norske Samlaget. Oslo.
Internett:
- NRK, 2008. ”Kaninbyen”: dårlig som f.. Nyheter Stavanger 2008. Lokalisert 24.02.2011. URL: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/stavanger2008/1.6220314
- Sopps3.bloggspot.com, 2009. Anmeldelse av Kaninbyen. Lokalisert 24.02.2011. URL: http://sopps3.blogspot.com/2009/01/anmeldelse-av-kaninbyen.html
- Irene Andreassen :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar